Trump er ein egen og tverr kar – på nynorsk

Trump er både eit substantiv og eit adverb på nynorsk. Ifølgje ordboka betyr trump både hard, tverr, tvang og press.

Eides språksjov tar for seg ordet trump.

Du finn ikkje ordet trump i bokmålsordboka, men det er har fleire tydingar i nynorskordboka (ekstern lenke).

Det tar Linda Eide for seg i kveldens episode av «Eides språksjov». Der les ho like gjerne opp tydinga av ordet frå ei nynorskordbok frå 1985:

«Ein trump er ein stor, tung og stiv skapning. Det kan òg vere ein egen og tverr kar. Ordet trump er også eit adverb som betyr truging, tvang, press, makt eller hard metode.»

Døma i ordboka er «å ta nokon med trump eller få gjennomført noko berre med trump.»

– Vi kan gløyme det med spynorsk ordliste. Dette er spånorsk ordliste, seier Linda Eide.

Har hissa på seg mange

Mange vil kanskje meine at den nynorske betydninga av ordet trump passar bra til den nyvalde amerikanske presidenten. Donald Trump har allereie hissa på seg mange i sin korte presidentkarriere.

Trump Homeland Donald Trump, J

STENGER GRENSENE: Trump har underteikna eit dokument som slår fast at det blir ein mur mot Mexico.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP

Han har blant anna skulda journalistar for å lyge om kor mange som møtte opp, då han blei innsett som president i Washington.

Han har dessutan starta arbeidet med å byggje ein mur mellom USA og Mexico og å fjerne helsereforma Obamacare. Begge sakene er omstridde både i heimlandet og i resten av verda.

Dagen etter at han blei president, marsjerte kvinner over heile verda for likestilling og mangfald, som ein reaksjon på korleis Trump tidlegare har omtala kvinner.

Vi gjer merksam på at journalisten som har skrive denne saka, var gjest i programmet «Eides språksjov» førre veke.

Flere saker fra NRK Hordaland

Siste video

Hovedveier blir stengt av med gjerder, og Bilister og trafikanter vil merke konsekvensene i trafikken. Sportsdirektør Torjus Larsen i Bergen 2017 viser hvor midtrabatter må fjernes.
Forsvaret detonerte en flybombe fra andre verdenskrig, som ble funnet utenfor Laksevåg i Bergen. Foto: Hallgrim Hals/NRK
Mannen som blei dømd for drapet på åtte år gamle Monika Sviglinskaja, har no trekt anken få veker før saka skulle opp i Gulating lagmannsrett. Med denne avgjerda er ei stor bør letta frå skuldra til Monikas mor, seier bistandsadvokaten.